Trioen Country Queens Folkband består av Bente Akslen Hagen (song og gitar) og Gro Visdal (song og bass) frå Vågå, samt Jenny Augusta (song, gitar og perkusjon) frå Sømna. Bandet har dei siste åra vore aktive i det norske countrymusikkmiljøet. På livekonsertar har trioen fått svært gode tilbakemeldingar frå både presse og publikum, med kommentarar som: «Country Queens er beint fram flinke» – Hans Erik Kjosbakken (Fjuken 2024).
I 2024 gav dei ut sitt første album, “Dancing At The Mansion”.
Bente Akslen Hagen og Jenny Augusta Enge møttest etter at begge spelte i Oslo i desember 2015. Likevel skulle det gå nokre år før Country Queens Folkband vart etablert. Sammen med Gro Visdal blei trioen fødd i eit kirketårn på Tøyen i 2018. Sidan då har dei spelt på TV og på alt frå fullsette kyrkjekonsertar til festivalar.
Desse damene kan vise til kraftige, harmonerande stemmer og eit breitt repertoar av god countrymusikk!